Søk





Kjøpsvilkår

Generelt

Desse salsvilkåra gjeld for sal av bilete frå Austrheim kommune sin biletdatabase til forbrukarar.
Ved eventuell kommersiell bruk av bileta skal dette avtalast på førehand med Austrheim kommune og dei som har lånt ut bileta. Brot på dette påbodet kan medføra straffeforfølging.
Salsvilkåra utgjer saman med tinginga di det samla avtalegrunnlaget for kjøpet.
For å kunne kjøpa bilete må du ha fylt 18 år.
Forbrukarkjøp er m.a. regulert i forbrukarkjøpslova, angrerettlova, markedsføringslova, personopplysningslova, e-handelslova og kredittkjøpslova. Følg lenkene til desse lovene om du vil ha meir informasjon om dine rettar og plikter ved kjøp.
Der det i desse salsvilkåra vert stilt krav til skriftleghet, er dette oppfylt ved bruk av e-post, tekstmelding til mobiltelefon (SMS), brev, telefaks e.l.

1. Partar

Seljar er Austrheim kommune ved Soltvedt Scanner Studio, Jacobsfjorden, Bryggen, 5003 Bergen, og vert i det følgjande nemnd som ”vi” eller ”oss”.
Kjøpar er den personen som er oppgjeven som kjøpar i tinginga, og vert i det følgjande nemnd som ”du”, ”deg”, ”din” eller ”ditt”.”

2. Gjennomføring av kjøp i Nettbutikken

For at du skal føla deg trygg på korleis ein tingar/handlar i vår nettbutikk, har vi skildra kjøpsprosessen, som inneheld følgjande punkt:
Orientering
Val av produkt
Handlekorga
Kontroll av tinginga
Stadfesting av tinginga

3. Tingings- og avtaleprosess

Tinginga di er bindande når tinginga er registrert på vår server (datamaskin). Vi er samtidig bunden av di tinginga dersom denne ikkje avvik frå det som er tilbydt av oss i vår nettbutikk, vår marknadsføring eller på annan måte. Du har likevel rett til å gå frå kjøpet i samsvar med lov om angrerett, sjå nærmare i avtalens pkt. 11.

4. Opplysningar gjevne i nettbutikken

Vi prøver å gje kundane våre så korrekt informasjon om våre produkt som mogleg. Vi tek likevel atterhald om at skrive-/ trykkfeil kan førekomma, som kan innebera at vi ikkje kan levera i samsvar med informasjon gjeven i vår nettbutikk, vår marknadsføring eller på annan måte.

5. Prisar

Alle prisar er inkludert meirverdiavgift og eventuelt miljøgebyr. Totalkostnaden for kjøpet vil komma fram før tinginga.
Leveransar til Svalbard og til utlandet seljast utan tillegg av meirverdiavgift.

6. Betaling

Kjøpesummen vert gjort opp gjennom faktura.
Faktura vert skriven ved sendinga og forfell til betaling innan rimelig tid.
Ikkje henta og ikkje betalte pakkar vil verta belasta eit gebyr, for å dekkja våre utlegg.
Ved manglande betaling vil kravet, etter førehandsvarsel, verta sendt til inkasso. Dette gjeld berre kundar over 18 år.
Ved delleveransar vert berre delleveransen fakturert. Ved for sein betaling kjem renter i tillegg i samsvar med lov om morarenter, for tida 12 % per år.

7. Levering og forseinking

Levering av produkta skjer på den måten, på den staden og til den tida som er oppgjeven i nettbutikken/tinginga. Vi har risikoen for produkta inntil det vert overtekne av deg, det vil seia når du har fått produkta i din varetekt.
Dersom leveringa av produkta vert forseinka, vil vi gje deg informasjon så fort vi har kunnskap om det, saman med informasjon om og eventuelt når levering kan skje.
Avhengig av produkta sin art og lengda på forseinkinga kan du etter tilhøva halde kjøpesummen tilbake, krevja levering, krevja erstatning eller heva avtalen.

8. Undersøking av produkta

Etter at du har motteke produkta, bør du, så snart du har høve til det, undersøkja om leveransen er i samsvar med tinginga, om produkta er skada under transporten, eller om produkta elles har feil eller manglar.

9. Dine rettar ved feil og manglar (reklamasjon)

Dersom produkta har feil eller manglar kan du etter tilhøva krevja retting av feilen, omlevering, prisavslag, erstatning eller at kjøpet vert heva.
Feilen må føreliggja når du får produkta i din varetekt. Feil du oppdagar innan seks månader etter at du fekk produkta, skal likevel normalt reknast som feil som har oppstått før du fekk produkta.
Melding om feil og manglar ved produkta kan meddelast til oss munnleg eller skriftleg. Dette må skje innan rimeleg tid etter at du oppdaga feilen eller mangelen. Du har likevel alltid minst to månaders reklamasjonsfrist. Vi tilrår av omsyn til prov at reklamasjonen vert sendt til oss skriftleg.
Vi vil skriftleg stadfesta mottak av alle reklamasjonar. Vi vil òg skriftleg stadfesta mottak av varer som vert sende tilbake til oss for inspeksjon eller feilretting.
Retten til å reklamera gjeld i to år etter at du overtok produktet, eller fem år dersom produktet er meint å vara vesentleg lenger enn to år. Retten til reklamasjon kjem i tillegg til angreretten etter pkt. 11.

10. Garanti

Våre garantiar inneber ingen avgrensingar i reklamasjonsfristen for varer etter forbrukarkjøpslova. Reklamasjonsfristen er to år etter at du overtok varen, eller fem år dersom varen er meint å vara vesentleg lenger enn to år. Sjå elles pkt. 9.

11. Angrerett

Angrerettlova gjev deg rett til å angra ditt kjøp. Angreretten gjeld for varer og for enkelte tenester (sjå unntak i siste avsnitt).
Angreretten føresett at du seinast innan 14 dagar etter at du mottek leveransen gjev oss melding om dette (angrefrist).
Dersom du ikkje har motteke angrerettskjema ved levering av produkta, vert denne fristen utvida til tre månader.
For at angreretten skal kunne gjerast gjeldande, må produktet vera levert oss i tilnærma same mengde og stand som du mottok det.
Alle produkt skal leverast tilbake til oss innan rimeleg tid. Eventuell retursending må betalast av deg. Vi har risikoen for transporten tilbake til oss. Vi har plikt til å betala tilbake til deg det du har betalt inkludert porto for sendinga til deg, ekspedisjonsgebyr, tollavgifter, oppkravsgebyr, etc.
Tilbakebetaling skal skje innan fjorten dagar etter at vi mottek produktet frå deg eller hentesetel eller produktet er stilt til rådvelde for oss.
Produktet vert å senda tilbake til oss, om mogleg i originalemballasje, saman med angrerettskjema. Nærmare opplysningar om korleis du nyttar deg av angreretten, går fram av angrerettskjemaet.
Ved kjøp av produkt i elektronisk format (wordfiler, pdf-filer ol.) fell retten til å angra tinginga bort idet du har motteke den elektroniske sendinga med filen på din server.

12. Personopplysningar

Vi handsamar i utgangspunktet berre personopplysningar du gjev opp til oss, og som er naudsynte for at vi skal kunne gjennomføra våre pliktar overfor deg.
Vi tek atterhald om rett til å be om personnummer for å kunne kontrollera kredittverdighet ved kredittkjøp eller fødselsdato for å kontrollera om våre kundar er under 18 år.
Dine personopplysningar blir berre utlevert til andre når:
du har gjeve samtykke til utleveringa, eller
når det er naudsynt for at vi skal få gjennomført avtalen med deg, eller
i lovbestemte tilfelle.
Dersom du har spørsmål om personopplysningar knytte til deg, eller ønskjer å gjera bruk av dine rettar til retting, sperring, sletting, etc. etter personopplysningslova, kan du kontakta oss på ei av adressene du finn på informasjons-sida.