Hjelp
Kjøpsprosessen
For at du skal føla deg trygg på korleis ein tingar/handlar i vår nettbutikk, har vi skildra kjøpsprosessen, som inneheld følgjande punkt:
- OrienteringNettstedet er delt inn i 3 hovedområde; ei biletgalleri, ein nettbutikk og informasjon om Gards- og ættesoga.
- Val av produktKlikk Bind II i toppmenyen for å sjå eit oversyn over bileta henta frå Bind II av Gards- og ættesoga. Du kan klikka på eit bilete for å sjå ein større versjon. Klikk "Legg i handlekorga" for å leggja eit bilete i di handlekorg. Når du legg eit bilde i handlekorga, vil handlekorga verta vist.
- HandlekorgaDu kan heile tida sjå på handlekorga ved å klikka "Handlekorg" i toppmenyen. Handlekorga gjev deg eit oversyn over kva for bilete du har lagt i handlekorga og kva bileta kostar. Handlekorga kan innehalda fleire bilete. Dersom du ønskjer å leggja fleire bilete i handlekorga, klikk "Hald fram med å handla". Bileta er tilgjengelege i ulike format; A3, A4 og A5. Du gjev opp talet på bilete du ønskjer å tinga ved å endra talet i kolonnen "Tal" og klikka "Oppdater tal". Dersom du ønskjer å tinga bileta i handlekorga, klikk "Gå til kassen".
- RegistreringNår du bestemmer deg for å tinga bileta du har i handlekorga di, klikk "Gå til kassen". Du vil bli beden om å gje opp namn og leveringsadresse for bileta. Du treng ikkje eit brukarnamn og passord for å handla hjå oss. Vi aksepterer ikkje betaling med kredittkort, og den einaste informasjonen vi treng frå deg er namn og adresse.
- Kontroll av tingingaEtter at du har gjeve opp namn og adresse, vil du verta beden om å kontrollera og godkjenna tinginga. Først når du har klikka "Godkjenn" vil tinginga verta effektuert.
- Stadfesting av tingingaNår tinginga er godkjend, vil du sjå ei kvitteringsside som inneheld tingingsdetaljane.
- Mottak av ordrebekreftingDu vil motta ein epost med ordrebekrefting når tinginga er godkjend av deg.