Side 124:
Den eine av Hoplandskvernene på slutten av 1950-talet, før restaureringa. Vasstilførsla til venstre. Frå venstre Andreas N. Hopland, Kjell Vikingvåg Hopland, John Hopland, Johan Hopland og Alf Sætre
|
Side 124:
Her er det eine kvernhuset i restaurert stand. Kverna er framleis fullt brukande.Årstal: Ca 1990Fotograf: UkjendEigar/utlånar: Austrheim kommune
|
Side 124:
Ein kvernstein frå ei av Hoplandskvernene. Oversteinen vart driven av kvernkallen ved hjelp av vatnet, og kornet vart male til mjøl mellom over- og understeinen.Årstal: Ca 1990Fotograf: UkjendE
|
Side 125:
Ei gammal notbu - Årås si sjøbu nr 5 i 1970. Ho stod på austsida av Åråsvågen, men har seinare falle ned. I si tid var denne bua mykje nytta til lagring av nøter og båtar. I den søre enden var ei sto
|
Side 126:
Seglføring på robåt, dette er ein oselvar med sprisegl. Båten tilhøyrer Harald Brügger, Kvalvågen bnr 2, og biletet er frå midten av 1950-talet. Om bord er Hildur f. Brügger og mannen Hjalmar Johanne
|
Side 126:
Seksæring frå Gloppen i Nordfjord, den såkalla nordfjordingen. Han hadde råsegl, som er den eldste kjende segltypen, og som truleg var einerådande til ut på 1700-talet. Dette var ein vanleg båttype i
|
Side 127:
Færing bygd i Os, kalla oselvar. Han nytta sprisegl, som er eit firkanta segl festa til masta i eine kanten, og spent ut ved hjelp av ei diagonalstong (spristake). Spriseglet vart ofte kombinert med
|
Side 128:
Langøyna med sjøbuer og hus og fiskebåtar på hamna om lag 1912. Til høgre S/S «Fightful», til venstre S/S «Duen», i midten to storbåtar. Ved hamna er det ei stor notbu (til venstre) og fleire naust o
|