Side 103:
Utskiftingskart frå 1898 for Hopland si innmark. Bruksnummer for dei 16 bruka med tilhøyrande bokstav (for jordstykka) og eigarar står på kartet. Kartretninga er mot sørvest, slik at Hoplandsosen er
|
Side 105:
Mann og kone med typiske fiskardrakter framfor huset, båten ligg på sjøen. I eit slikt miljø budde fiskarbøndene i Austrheim. Kombinasjonen av fiske og jordbruk var den dominerande næringa på 1800-tal
|
Side 109:
Ole Johan Leikvoll f. 1866 med okse og kjerre om lag 1894, han var dreng/sveiser på Årås. Det var mykje tenestefolk her, i folketeljinga for 1900 var det oppført agronom, handelsbetjent, budeie, kjøkk
|
Side 111:
Gammal gardflor på Søre Njøta, bygd av stein. Gardfloren vart sett opp i utmarka til gardane, og vart brukt som sommarfjøs for husdyra. Kyr og sauer gjekk til vanleg på beite i utmarka om sommaren. G
|
Side 112:
Potetopptaking på Tuftene, Austrheim (bnr 3) i 1936. Greip, spade og grev var vanlege reiskapar når ein arbeidde med jorda. Dette vart kalla reitbruk, og vart gjort med handmakt. Først eit godt stykk
|
Side 113:
Borghild og Ludvig Håkon Hopland (bnr 12) i høyonna med hesten Heidi på 1940-talet. Bruk av hest sparte ein for mykje tungt arbeid i jordbruket, ein kunne t.d. køyra høyet inn i løa i staden for å ber
|
Side 113:
Gammal potetkjellar i Børilden. Potetkjellaren vart gjerne ordna til i ein haug e.l. ved sida av dei andre husa på gardsbruket. Det var viktig for lagringa at potetene fekk det mørkt og litt fuktig.
|
Side 114:
Sauesaks av jern. Sauehaldet gav både kjøt og ull. Den siste vart for det meste nytta i naturalhushaldet på garden til å laga klede og åkle av. Mannfolka klipte av ulla, medan det var kvinnene som st
|