Søk





CD-53-Utskiftingskart-Kart7

|
|
Neste bilde
 »

Utskiftingskart frå 1877 over innmarka til garden Austrheim, eit av dei eldste karta frå Austrheim. Kartretninga er mot nordaust. Dei lyseraude firkantane er bygningar. Klyngjetunet Storstova kan ein sjå på felt F, og Tuftene på felt L. Det tredje, som låg på felt A, var alt oppløyst. Kyrkja med kyrkjegarden ligg litt til høgre midt på kartet. Lagmannsneset stikk ut til venstre. Det var då fjorten bruk på garden, som fekk kvar sin parsell (bnr 10 og bnr 12 fekk to parsellar). A = bnr 5, B = bnr 14, C = bnr 6, D = bnr 7, E = bnr 8, F = bnr 10, G = bnr 11, H = bnr 13, I = bnr 3, K = bnr 4, L = bnr 1, M = bnr 2, N = bnr 9 og O = bnr 12. Som teksten syner vart ikkje denne utskiftinga gjennomført, men mykje av henne vart likevel gjeldande ved den seinare utskiftinga.