|
Side 18:
Utskiftingskart frå 1877 over innmarka til garden Austrheim, eit av dei eldste karta frå Austrheim. Kartretninga er mot nordaust. Dei lyseraude firkantane er bygningar. Klyngjetunet Storstova kan ein sjå på felt F, og Tuftene på felt L. Det tredje, som låg på felt A, var alt oppløyst. Kyrkja med kyrkjegarden ligg litt til høgre midt på kartet. Lagmannsneset stikk ut til venstre. Det var då fjorten bruk på garden, som fekk kvar sin parsell (bnr 10 og bnr 12 fekk to parsellar). A = bnr 5, B = bnr 14, C = bnr 6, D = bnr 7, E = bnr 8, F = bnr 10, G = bnr 11, H = bnr 13, I = bnr 3, K = bnr 4, L = bnr 1, M = bnr 2, N = bnr 9 og O = bnr 12. Som teksten syner vart ikkje denne utskiftinga gjennomført, men mykje av henne vart likevel gjeldande ved den seinare utskiftinga. |
Side 19:
Det gjeldande utskiftingskartet frå 1906 over innmarka til garden Austrheim. Kartretninga er mot nordaust. Dei lyseraude firkantane er bygningar. Klyngjetunet Storstova kan ein framleis sjå på felt F, og Tuftene på felt A, B og D. Det er bygd veg ned til Austrheim kai til venstre midt på kartet. Det var då tjue bruk på garden. A = bnr 1, B = bnr 2, C = bnr 3, D = bnr 4, E = bnr 5, F = bnr 6, G = bnr 7, H = bnr 8, I = bnr 9, J = bnr 10, K = bnr 11, L = bnr 12, M = bnr 13, N = bnr 14, O = bnr 15, P = bnr 16 (Træsbakken, ikkje med på kartet), Q = bnr 17 (Lagmannsneset, til venstre), R = bnr 18, S = bnr 19 og T = bnr 20. |
|
Side 23:
Tingsak i 1770 mot Simon Monson (12), sjå teksten side 24. Kopi av ei side i futerekneskapen,. Det er brukt gotisk skrift, som var vanleg på den tida. Namna er likevel skrivne med latinske bokstavar, og er såleis lettare å tyda. «og fremstoed da som det 1ste Vidne Casten Bastiansen Kaarsøen som aflagde Eed og derefter vandt og forklarede: at hand var tilstæde her i Kiilstrømmen, ved sidstafholdte Sommerting, hvor og indstevnte Simen Østreim Iver Udkiilen og Magne Monsløb var tilstæde, og saae da Vidnet at Simmen Østreim som var beskienked vilde slaae Iver Udkiilen og Magne Monsløb, men disse tvende holte ham fra sig, og sadte ham need i benken i Skienke-Stuen, og bad ham lade dem være med fred. Fogden herunder begierede Vidnet tilspurgt, Om hand ikke tillige hørte og saae at Simmon Østreim støyede, larmede og bandte, samt brugte mange Skields-Ord? Svarede hand hørte vel at indstevnte Simmon Østreim sammetiid støyede og larmede i Drukenskab, men erjndrede ikke at hand bandede eller brugte Skieldsord. Hr: Fogden Hejberg som mærkede at dette Vidne var»… |
|