Side 15:
Mastrevikane på 1980-talet. Austrheim vidaregåande skule heilt til venstre, Mastrevik Mek. til høgre, med mange båtar til reparasjon/vedlikehald. Austrheim sitt første bustadfelt i framgrunnen, dei første husa vart sette opp før krigen.
|
Side 17:
Utskiftingskart frå 1877 over innmarka til Sætre, eit av dei eldste karta frå Austrheim. Kartretninga er mot nordaust. Dei lyseraude firkantane er bygningar. Hovudvegen ned til sjøen er markert med raudt. Det var då sju bruk på garden, som fekk kvar sin parsell. a = bnr 5, b = bnr 7, c = bnr 1, d = bnr 4, e = bnr 3, f = bnr 2 og g = bnr 6.
|
Side 22:
Fig. 15. Sætre, Austrheim Rekonstruert grunnplan av bustadhus samanbygd med løe og flor. Bustadhuset er av den fleirdelte typen
|
Side 22:
Samanbygd hus i gammal stil på bnr 1, med grunnriss av huset under. Berre bustadhuset står att, løa og floren er rivne, men er tekne med på grunnrisset. Huset har ujamn mønehøgd, noko som kan tyda på at gammalt stovetømmer frå ulike stader er nytta.
|
Side 22:
Husa på bnr 1 rundt 1950, frå venstre løe, våningshus og vaskehus. Hesjene er lange. Heilt til venstre løa til bnr 5.
|
Side 23:
Til venstre: Familiebilete frå 1894. Frå venstre Ananias, Andreas, Ingeborg, Marta og Bernt.
|
|
|
Side 24:
Til høgre: Bryllaupet i 1903 til Bernt Sætre og Karen Villanger. Ho var kronebrur. Spelemannen står til venstre.
|