Søk





Austrheim i fortid og notid

Bygdebokprosjektet til Austrheim kommune består av fire bind. Bind 4 kom i oktober 2000, og har undertittelen ’Allmenn bygdesoge 1800-2000’. Bind 1, 2 og 3 er gards- og ættesoger. Bind 1 tek føre seg gnr 128-141, og kom ut i oktober 2004. Bind 2 omhandlar gnr 142-155, og kom ut i november 2005. Bind 3, det siste bindet, kom ut i oktober 2006 og tek føre seg resten av gardane, gnr 156 – 166. Gards- og ættesogene handlar om gardar og bustader (både heilårs- og feriehus) og personane som har halde til her. Me prøver å få fram kva folk har livnært seg av, og korleis dei har levd. Personopplysningane byrjar for det meste på 1500/1600-talet, og går fram så tett opptil utgjevingstida som råd er. Det er òg eit mål å få med lagnaden til dei som var fødde i Austrheim, men som flytta herfrå og slo seg ned andre stader. Det er Arvid Skogseth som er engasjert som bygdebokforfattar på full tid til å skriva desse bøkene for Austrheim kommune. Dersom du har spørsmål, kan du ta kontakt på tlf 55293883 eller epost: arviskog@online.no. Harald Odd Sognnes, hosogn@online.no, er leiar for Bygdeboknemnda, og er også hjelpsam med å svara på eventuelle spørsmål i høve dei nye gards- og ættesogebanda. Roald Synnevåg, roald.synnevag@statped.no , la grunnlaget for arbeidet med gards- og ættesoga med si registrering av innsamla data om slekt og aner frå Austrheim.

Bind 1

Bind 1 vart utgjeve i oktober 2004, og inneheld om lag 820 bilete, som gjev eit variert inntrykk av folk, arbeidsliv og kulturlandskap i Austrheim. Det er tabellar, figurar, kart og namneregister i boka. Ho omhandlar gardane Leirvågen, Litlås, Kaland, Fonnes, Utkilen, Synnevågen, Straumstad, Bakka, Monslaupen, Søre Njøta, Nordre Njøta, Solend, Leikvoll og Vikane. Boka startar med det første me har av skriftlege kjelder på 1300-talet. Kjeldene er særs sparsame før ein kjem til andre halvdel av 1500-talet. Brukarrekkjene går for det meste frå då og framover. Frå slutten av 1600-talet er det mogleg å finna ut slektssamanhengane, slik at det kan setjast opp anetavler som går attende til denne tida. Opplysningane i boka er førte fram til 2004.

Bind 2

Bind 2 vart utgjeve i november 2005. Det er på 700 sider i stort format og inneheld om lag 800 bilete, som gjev eit variert inntrykk av folk, arbeidsliv og kulturlandskap i Austrheim. Det er tabellar, figurar, kart og namneregister i boka. Ho omhandlar gardane Sætre, Budalen, Kilstraumen, Ulvøyna, Skorholmen, Kvalvågen, Åråsvågen, Årås, Hjertås, Førland, Litlelindås og Hopland. Boka startar med det første me har av skriftlege kjelder på 1300-talet. Kjeldene er særs sparsame før ein kjem til andre halvdel av 1500-talet. Brukarrekkjene går for det meste frå då og framover. Frå slutten av 1600-talet er det mogleg å finna ut slektssamanhengane, slik at det kan setjast opp anetavler som går attende til denne tida. Opplysningane i boka er førte fram til 2005.

Bind 3

Bind 3 vart utgjeve i oktober 2006, og inneheld nesten 1000 bilete, som gjev eit variert inntrykk av folk, arbeidsliv og kulturlandskap i Austrheim. Det er tabellar, figurar, kart og register i boka. Ho omhandlar gardane Austrheim, Bergsvika, Lerøyna, Dyrneset, Rebnor, Øksneset, Børilden, Langøyna, Krossøyna, Rongeværet og Sævrøyna. Boka startar med det første me har av skriftlege kjelder på 1300-talet. Kjeldene er særs sparsame før ein kjem til andre halvdel av 1500-talet. Brukarrekkjene går for det meste frå då og framover. Frå slutten av 1600-talet er det mogleg å finna ut slektssamanhengane, slik at det kan setjast opp anetavler som går attende til denne tida. Opplysningane i boka er førte fram til 2006.

Bind 4

Bind 4 vart utgjeve i oktober 2000. Boka tek utgangspunkt i tilhøva i Austrheim rundt år 1800. Då var det eit øy- og kystsamfunn der sjøen spelte ei viktig rolle, ved sida av det gardsbruka kunne gje. Det er eit heilt anna samfunn me møter 200 år seinare. Bruer og vegar er bygde, og det har komme varierte arbeidsplassar og service- og kulturtilbod. Overgangen frå det gamle fiske- og jordbrukssamfunnet til eit moderne industri- og tenestesamfunn har gått stegvis, og boka prøver å skildra denne prosessen. Folketalsutvikling, sosiale tilhøve, utvandring, eigedomstilhøve, gardsskipnad, næringsutvikling, inntektstilhøve, rettspleie, samferdsel, kyrkje, skule, kultur, krigsår og kommunalsoge er emne som boka inneheld. Det er 77 tabellar, figurar og vedlegg i boka, og ho er forsynt med notar, kart og register. Boka inneheld 567 bilete, som gjev eit variert inntrykk av livet i Austrheim.

Flyfotosamlinga

Samlinga inneheld flyfoto tekne av Widerøes Flyveselskap AS på byrjinga av 1960-talet, truleg dei eldste norske flyfotoa i fargar. Dei fleste gardane i Austrheim er med i samlinga. Bileta syner dei store endringane i kulturlandskapet på dei vel 40 åra som har gått sidan dei vart tekne.

Namneregister bind I, II, III og IV

Register sortert på fornamn over alle personar i nummerrekkjefølgja (med utheva skrift) på eit bruk eller ei hustomt, samt jord/huseigarar og personar nemnde i allmennsoga (bind IV). Som hovudregel er fødenamn/stad brukt. Dei som har fleire fornamn, er som regel oppførte med det namnet som til vanleg har vore nytta (ikkje alltid det første). For kallenamn som Sina og Lina er det fulle namnet oppført, t.d. Larsina eller Karolina.
Fødselsåret er oppgjeve når det er kjent. Tala til slutt viser bindnummer og sidetal.